Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått 200.000 til prosjektet "Hva lærer de?" for å auke informasjonskompetansen for studentar. Blant anna ønskjer dei med prosjektet å undersøkje korleis studentar tek i bruk biblioteket sine ressursar for søk og kjeldebruk. Søknaden frå høgskulen og dei andre tildelingane kan du sjå her.

Fylkesbiblioteket har fått 300.000 for vidareføring av prosjektet "Saman for framtida". Til no er fylkesbiblioteket godt i gong med besøksrunde på alle biblioteka i fylket, 20 bibliotek er så langt avlagt besøk! På nyåret planlegg vi ei fagleg samling som dreiar seg om biblioteksamarbeid, der ein m.a. vil arbeide med å finne svar på korleis ein kan få til eit gjensidig og inspirerande fellesskap mellom biblioteka i fylket, og i kva prosjekt og former samarbeid kan vere formålsteneleg. Les meir om Saman for framtida her.

Nasjonalbiblioteket fortel at det er flest folkebibliotek som søkjarar og mottakarar av utviklingsmidlar, totalt kom det inn 127 søknadar. Det er prosjekt knytt til samarbeid og ny formidling som dominerar. Les oppsummering på tildelinga frå Nasjonalbiblioteket.