Litteraturformidlar Janne Karin Støylen frå ”Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa” arbeidar med å inspirere og motivere andre formidlarar til å skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Tysdag 27. mars vil ho bruke ein heil dag på å snakke om god, nynorsk litteratur og tiltak som kan medverke til at born og unge har lyst til å lese (endå) meir. 

Janne Karin held kurs, seminar og føredrag om nynorsk litteratur og nynorske forfattarar, og har gode kunnskapar om metodiske tips og knep når det gjeld lesestimulering. Ho kjem frå Jølster, er utdanna allmennlærar og har mellomfag i nordisk frå Høgskulen i Volda. Janne Karin har arbeidd som programansvarleg for ”Dei Nynorske Festspela” og hatt ansvaret for kulturprogrammet ved Nynorsk kultursentrum (Ivar Aasen-tunet) 2001-2005 i Hovdebygda i Ørsta. Ho har vore lærar i ungdomsskulen 1998-1999, og har røynsle frå kunst-og kulturformidling ved Eikaasgalleriet og Astruptunet.

Tid: Tysdag 27. mars 2007 klokka 09.30-15.00
Stad: Sunnfjord Hotell, Førde
Målgruppe: Bibliotektilsette og lærarar i grunnskulen
Deltakaravgift: 500 kr, inkluderer kurset, kaffi/te og lunsj
Påmeldingsfrist: Torsdag 1. mars 2007 

 

 
Program  
09.30-10.00 Registrering, mat og drikke
10.00-11.00 Kvifor lese? Ei påminning om dei kjente argumenta for kor viktig lesing er
  Bokprat: Om biletbøker og annan skjønnlitterær prosa for jenter og gutar 6-12 år.
11.00-11.15 Pause
11.15-12.00 Bokprat: Om fantasylitteratur og noveller for jenter og gutar 12-15 år.
12.00-13.00 Lunsj
13.00-13.45 Vellukka litteraturformidling - metodiske tips og idear: Fokusering på arbeidsmåtar og undervisingsopplegg som skular har hatt gode røynsler med. Alderssteg: 6-15 år.
13.45-14.00 Pause
14.00-14.45 Meir om nynorsk litteratur for born og unge: Via PC og storskjerm informerer Janne Karin om viktige nynorske institusjonar, organisasjonar og miljø, og ho opplyser om finansieringskanaler for ulike lese-og skriveprosjekt.
14.45-15.00 Avrunding
 

Kursansvarleg: Robert Haugen, 57 72 18 89, robert.haugen@sfj.no