Vi ønskjer politikarar, kommuneadministrasjon, bibliotekeigarar elles og bibliotekfolk velkomne til å diskutere framtida for biblioteka i Sogn og Fjordane! Det er med utgangspunkt i Bibliotekreform 2014 at vi vil drøfte dette temaet. Stortingsrepresentant Erling Sande og leiar i Norsk bibliotekforening Anne Hustad vil delta saman med lokale politikarar og bibliotekfolk.

Bibliotekreform 2014 låg føre i september i fjor og vil bli sendt ut på høyring til alle kommunar i 2007. Reforma inneheld mange spenstige framlegg til tiltak, men også ein del kontroversielle framlegg til endringar i biblioteksektoren. Det er særleg spørsmål knytta til den såkalla ”konsolideringa” av dei små biblioteka som har vore mykje diskutert.

Utgreiinga er utarbeidd på oppdrag av Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Ambisjonen med meldinga er å leggje grunnlaget for ei reform som skal gje varige forbetringar og ruste biblioteka til å møte nye utfordringar.

Det er ønskjeleg at Bibliotekreforma vert diskutert blant både bibliotekeigarar, politikarar og i fagmiljøa.

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane og Bibliotekarforbundet avd. Sogn og Fjordane skipar til ein konferanse der Bibliotekreforma vert belyst og diskutert.

Program
09.30 Kaffi og noe å bite i
10.00 Opning ved fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad
10.15 Innhald i og kommentarar til reforma ved leiar for Norsk bibliotekforening Anne Hustad
(Anne Hustad sine Power Point-presentasjonar: om reforma / NBF )
11.10 Nasjonale føringar og lokal gjennomføring
Innspel til reforma ved stortingspolitikar Erling Sande, 1 fylkespolitikar (namn kjem seinare), biblioteksjef Ellen Borch Veum
Spørsmål og diskusjon
12.10  Lunsj
13.00 Er vi på rett veg i fylket?
Digitalisering og ABM-samarbeid v/fylkesarkivar Gunnar Urtegaard
Biblioteksamarbeid v/fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal
13.50 Beinstrekk
14.00 Paneldebatt (referat)
Debattleiarar: Marie Dombestein og Gerd Vik
15.30 Slutt
 
Møteleiar: Håkon Myrvang

Arrangørar:
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, 
Norsk Bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane 
Bibliotekarforbundet avd. Sogn og Fjordane
 
Pris:  kr 350,- pr deltakar
 
Påmeldingsfrist: Onsdag 24. januar.