Målgrupper: Lærarar, personalet i barnehagar, folkebibliotek og bokhandlarar.

Skulane og barnehagane satsar stort på lesestimulering i samband med regjeringa si store satsing på leseglede og lesedugleik, planen Gi rom for lesing. Lærarane etterspør oppdatering på og oversikt over ny barne- og ungdomslitteratur. Dette kurset er midt i blinken for lærarar som vil bli kjent med dei gode bøkene, men som ikkje har tid til å lese alle dei nye bøkene sjølv.

For at flest mogleg i fylket skal kunne delta på kurset, har vi kurset to stadar, i Florø og på Sandane.

Foredragshaldarane kjem frå  Ibby Norge - Barnebokforum.

Tid og stad:     7. november, Florø, Festsalen i Samfunnshuset kl. 0930 til 1430
                          8. november, Sandane, Nordfjord museum kl. 0930 til 1430
Deltakaravgift:     Kr. 360,-  som inkluderer kurs, kaffi og lunsj.
Målgrupper:     Lærarar i grunnskulen, personalet i barnehagar, folkebibliotek og bokhandlarar.

 

Fellesprogram for dei to kursstadane:  

kl 09.30    Registrering, kaffi/te og noko å bite i
kl 10.15     Barnebøker ved Ragnhild Madsen, bibliotekar
kl 11.15     Pause
kl 11.30     Biletbøker ved Ellen Christina Sjøwall, illustratør
kl 12.30     Lunsj
kl 13.30     Ungdomsbøker ved Bjarte Bakken, bibliotekar
kl 1430    Slutt.

På Nordfjord museum vert det ein liten omvisning etter programmet.

Dei som ønskjer å delta på berre delar av dagen, vil få redusert pris. Sei frå om du då skal ha lunsj!

Påmeldingsfrist: Fredag 31. oktober!
Kursansvarleg: Anne Sagen, 57 72 18 90,  anne.sagen@sf-f.kommune.no