Bergen, 14.-16. februar og 9.-11. mars 2005

Påmeldingsfrist 20. oktober 

Kvifor kurs i bokprat?

Endeleg eit grundig bokpratkurs for oss bibliotekarar som slit med at "alle" trur at vi er flinke til å formidle bøker. Folk trur at vi når som helst og kvar som helst kan stille oss opp og halde eit inspirerande foredrag om haustens nye bøker, til dømes.

Sjølvsagt er det nokon av oss som er slik, heldiggrisane. Men mange av oss har berre lyst til å gøyme oss bak skranken til problemet forsvinn. Med bokpratkurset får vi høve til å lære oss teknikkar, få oss verkty til å formidle bøker til ei forsamling. 

Satsinga på "Den kulturelle skulesekken" og "Gi rom for lesing" føreset formidling til barn og ungdom, dersom biblioteka skal bli aktive medspelarar i desse ordningane. For vaksenbøker har fylkesbiblioteket eit ønske om å få til ei ordning med "lektørar" som kan reise på "turné" og formidle vaksenbøker med vekt på nye norske kulturfondbøker, til andre bibliotekarar - for å skape interesse og gi kunnskap om bøkene.

Fylkesbiblioteka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane går saman om arrangere "Kurs i bokprat" med Marianne Svarstad og Mona Eklund. Begge to har lang og omfattande erfaring med slike kurs, og den første er utdanna innan drama og har mellom anna jobba med film, medan den andre er bibliotkonsulent og formidlar ved Østfold fylkesbibliotek.

Bakgrunnen for lengde på kurset, er ein tanke om at det å bli ein god formidlar er ein prosess, der kvar deltakar får kan prøve ut bokprat-verkty i stimulerande omgjevnadar. I Sogn og Fjordane har vi satsa på at vi skal delta på kurset samtidig slik at vi blir godt kjent med kvarandre og kanskje kan kome til å fungere som formidlar-team ein gong.

Kurset har fått gode tilbakemeldingar og har blitt halde fleire stadar på austlandet og på sørlandet. Sjå Bok og Bibliotek nr 2 i 2002, s. 22. for Ein omtale. Meir info om kurset finn du på http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/ 

Økonomi

Vi får støtte frå Kulturrådet til å halde kurset. Fylkesbiblioteka betalar også ein del av kostnadene med kurset. 
Kvar deltakar betalar kr. 3000,- for å delta. I tillegg kjem reise og overnatting.
Lokallaget av NBF, ved Gerd Vik, disponerer midlar som dei kan gje i støtte til medlemmer som ønsker å delta på kurs. Send ein søknad med grunngjeving til NBF v/ Gerd Vik, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Biblioteket Fjøra, boks 39, 6851 Sogndal

Overnatting i Bergen

Overnatting ordner alle sjølv. Her er nokre tips:

Rica Travel Hotell
Kort vei til kurslokalene i fylkeshuset. Fint, men forholdsvis rimelig hotell med god mat, inkl. også kveldsmat. Be om rom mot bakgården for å unngå trafikkstøy. For å få lavast pris må ein oppgi "Hordaland fylkeskommune", avtalepris mand. til torsd. er 669,- pr. døgn
Parkering kan avtalast på førehand

Billig hotell i Håkonsgaten (same gata som vi var på Biblioteksdagane) uten bad på rommet, men det kan vel gå like vel. Tror dette er et bra alternativ dersom ein må spare på utgiftene sjå http://www.bergen-guide.com/7.htm


Påmelding

Sogn og Fjordane har reservert 8 plasser på kurset. Meld deg på ved å sende epost til anne.sagen@sf-f.kommune.no eller ring 57 72 18 90. 

Påmeldingsfristen er allerede 20. oktober 

Hordaland har venteliste for å komme med på kurset. Vi vil også ha det hvis mange melder seg på.

Kontakt på Sogn og Fjordane fylkesbibliotek:

Anne Sagen
57 72 18 90
anne.sagen@sf-f.kommune.no