Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Heim
Bibliotekstatistikk

Årsmelding for Sogn og Fjordane fylkesbibliotek 2003
Folkebibliotekstatistikk for Sogn og Fjordane 2003

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Fylkesbiblioteket er eit service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i fylket. Fylkesbiblioteket driv mobil bibliotekteneste (bokbuss og -båt), fjernlånsverksemd, kurs- og møteverksemd, gir bibliotekfagleg rettleiing, deltek i utviklings- og prosjektarbeid, samt utarbeidar statistikk og rapportar for den samla bibliotekverksemda i fylket. Fylkesbiblioteket har 8 fast tilsette i 7,5 stilling.

 

Mobil bibliotekteneste

Bokbåten Epos

Fylkesbiblioteket driv bokbåten Epos saman med Hordaland fylkesbibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek, og 2 gonger i året gir vi saman ut eit medlemsblad for Bokbåtklubben. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek samarbeider også med biblioteka i dei 14 kommunane i Sogn og Fjordane som får besøk av bokbåten.

Bokbåten reiser rundt i fylket to gonger i året, ein gong i februar/mars og ein gong i oktober/november. I Sogn og Fjordane var det i 2003 tilsaman 2 264 personar om bord på bokbåten, og av desse var det 1 705  personar som fekk med seg kulturprogramma. Det vart lånt ut 20 133 bøker og lydbøker frå bokbåten, vel halvparten var barnebøker. 

På kvar bokbåttur er det med eit kulturprogram om bord som fylkesbiblioteket tilbyr i samarbeid med Folkeakademiet i Sogn og Fjordane. På vinterturen vitja bokbåten 39 stader og 31 av desse fekk tilbod om kulturprogrammet Kirsten Høeg: I trollets time (966 personar). På haustturen vitja bokbåten 38 stader og 28 av desse fekk tilbod om kulturprogrammet AlterEgo: Finagel Felespiller (739 personar)

Utlån frå bokbåten i 2003, pr. kommune:

Kommune

Antall stopp

Lånarar

Utlån

På program

Askvoll

2 154 3 406 221

Aurland

3 56 602 110

Balestrand

2 54 1 496 127

Bremanger

1 18 650

Flora

8 202 2 927 460

Gulen

6 145 2 846 257

Høyanger

2 30 471 51

Luster

3 88 1 735 116

Lærdal

1 5 209

Selje

1 25 430 32

Solund

6 129 2 436 198

Stryn

1 41 503 29

Vik

2 92 2 642 104

Vågsøy

2 30 608

Totalt

40 1 069 20 988 1 705

Utlånstal frå bokbåten 1998-2003:

 

1998

1999

2000

2001

2002

2003

Barn

10 801

10 680

10 570

9 799

10 228

11 332

Vaksne

9 903

9 098

9 999

9 569

9 103 9 656

Totalt

20 704

20 578

20 569

19 368

19 331 20 988

Bokbussen

Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek driv bokbuss i samarbeid med dei åtte kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Høyanger, Naustdal og Stryn. Det er personalet frå folkebiblioteka i desse kommunane som bemannar bokbussen, medan fylkesbiblioteket organiserar drifta av bussen og står for innkjøp av media. Bokbusstoppa er i hovudsak ved skular og barnehagar, og 2/3 av utlånet er til barn og unge. Til saman vart det lånt ut 13 433 bøker, lydbøker og musikk-cd’ar frå bussen.

Hausten 2003 hadde vi ein stor lesekampanje på bokbussen som gjekk i alle dei åtte kommunane. Kampanjen, som fekk stor merksemd i media, hadde fantasylitteratur som tema.  Personalet på bussen køyrde rundt som hekser og trollmenn, og bussen var pynta med bl.a. flaggermus og heksekjele. Kampanjen retta seg mot lånarar opp til 13 år. Dei lånte bøker og kunne levere inn bokmelding, der dei som leverte bokmelding kunne vinne bøker og anna. Vi fekk inn 115 flotte bokmeldingar.

Totalt utlån på bokbussen pr. kommune 2000-2003   

Kommunar     

2000     

2001   

2002    

2003

Askvoll      

2169 

1867 

1875 

1568

Bremanger      

596 

794 

745 

551

Fjaler   

2502 

1764 

2565

2158

Flora   

2313 

1898

2205 

2383

Førde   

1773 

1742 

1621 

2076

Høyanger   

1359 

579

633 

624

Naustdal   

2138 

1752 

1663 

1225

Stryn   

3240 

3532

3427

2848

Gloppen   

870 

   

   

Samla utlån   

16 963 

13 928 

14 734

13 433

Gloppen slutta å bruke bokbussen våren 2000

Fjernlån

Fylkesbiblioteket mottok 5 927 tingingar til fjernlånsavdelinga. Tilsaman vart det formidla 5 563 media.

Klassesett

Det vart lånt ut 3280 bøker som klassesett til skulane i fylket. Det er ei auke på ca. 29% frå året før. På 2 år har utlånet av klassesett auka med 50%.

Den kulturelle skulesekken

Fylkesbiblioteket arrangerte to forfattarturnear innanfor Den kulturelle skulesekken: 

Berit Hellem Giil
Giil har vore på turnear både våren og hausten 2003 rundt i fylket.
Vår: Ho besøkte 7 kommunar. På 13 dagar hadde ho 39 enkelttimar med ca. 1431 elevar og ca 40 lærar.
Haust: Ho besøkte 4 kommunar. På 7 dagar hadde ho 25 enkelttimar med ca. 490 elevar og ca 30 lærar.
Kvar klasse som fekk besøk av Giil, fekk tilsendt ei pakke som inneheldt ei av bøkene til Giil til å lese høgt for klassen på førehand, eit brev frå forfattaren til klassen og litt informasjon om forfattaren og bøkene hennar. Boka var til låns. 

Kjersti Wold
Wold var på turne i 2 kommunar, Naustdal og Florø. På 7 dagar hadde ho 29 enkelttimar med ca. 568 elevar og 30 lærar. Kvar klasse fekk tilsendt ei pakke med bok, brev frå forfattaren og informasjon om forfattaren.

IKT

Fylkesbiblioteket har webhotell for biblioteka i Aurland, Bremanger, Leikanger og Gaular, der desse legg ut bokbasane sine på nett. Aurland og Gaular har også heimesidene sine på fylkesbiblioteket sin webserver. Fylkesbiblioteket samarbeider tett med Førde bibliotek om m.a. biblioteksystem og bokstamme. Hafstad og Øyrane vgs og grunnskulane i Førde deler også biblioteksystemet, og har sine basar på fylkesbiblioteket sin server.

Prosjekt m.m.

Lesestafetten
Hausten 2003 samarbeida Sogn og Fjordane fylkesbibliotek med ei klasse på Hafstad vidaregåande skule og ei klasse på Måløy vidaregåande skule om lesestimuleringsprosjektet Lesestafetten. Klassane fekk besøk av ein forfattar, dei fekk kurs i teatersport og formidling frå amatørteaterkonsulenten på Sogn og Fjordane teater. Målet var at dei skulle lese og formidle vidare bøkene til ungdomskuleklassar. 8 klassar frå ungdomsskulen i Førde og Måløy fekk delta.

Utvekslingsprosjekt
I 2003 fekk Sogn og Fjordane fylkesbibliotek saman med biblioteket ved Røde Kors Nordic United World College tilskot til eit mobilitetsprosjekt via EU-programmet Leonardo Da Vinci. Formålet med utvekslingsprosjektet var å utvikle ei felles forståing for god praksis innan pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder. Hausten 2003 reiste seks bibliotekarar og lærarar til Danmark ei veke, der dei fekk besøkt mange ulike bibliotek og institusjonar. Lenke til meir informasjon: http://www.sf.fylkesbibl.no/internasjonalt/utvekslingsprosjekt.htm 

Den kvalifiserte informasjonssøkjaren

Fylkesbiblioteket var medarrangør for konferansen Den kvalifiserte informasjonssøkjaren – verkstad for lesestimulering og informasjonskompetanse. Konferansen var arrangert av ei brei arbeidsgruppe beståande av representantar frå ei rekkje forkjellige organisasjonar og institusjonar; Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Røde Kors Nordic United World College, Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Faggruppen for biblioteksundervisning i Danmark og Forum for bibliotekarar i vgs. i Sogn og Fjordane.

 

Nærinett

I 2003 blei Sogn og Fjordane fylkesbibliotek invitert til å bli med i Nærinett-prosjektet som er driven av Europakontoret i Hordaland fylkeskommune. Dette er eit samarbeid mellom bibliotek og næringsliv, der målet er at kommunane – ved biblioteksjef og næringssjef – skal formidle aktuell EU/EØS-informasjon til lokalt næringsliv. I Hordaland er 9 kommunar med i dette prosjektet, og i Sogn og Fjordane deltar Høyanger, Flora, Gloppen og Vik.

 

Bokbussen hentar inn fortida : et digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane
Fylkesbiblioteket og Fylkesarkivet samarbeider om eit prosjekt for vern av gamle foto, der ein brukar bokbussen i innsamlingsarbeidet. Bussen har fått ein ekstra pc med skannar, og i 2003 var ein i Høyanger, Stryn og Fjaler og samla inn foto. Folk leverer gamle foto på bussen og får dei med seg att etter skanning og registrering av opplysningar. Prosjektet går fram til jul 2004, og er eit tilbod til m.a. folkebiblioteka, historielaga, pensjonistlag og skular.

Kurs/møte arrangert av fylkesbiblioteket:

  • 1. april, Førde: Møte om Prosjektet "Bokbussen hentar inn fortida – eit digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane". Møte for biblioteksjefane i bokbusskommunane.

  • 22. mai: Kurset "Internett som arbeidsverktøy for å finne stoff til prosjektoppgaver" v/Anett Kolstad, Prosjekthjelpen. Søkemetodar, kjeldekritikk, kvalitetssikra nettstadar, lesestimulering på nett.

  • 28. mai, Skei: Møte om bibliotek og internasjonalisering. Arrangørar var Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Røde Kors Nordisk United World College.

  • 10.-11. juni, Hermansverk: Nærinett-kurs for dei deltakande kommunane.

  • 8.-9. september, Selje: Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane. Tema var Det gode bibliotek om 10 år

  • 28. september-3. oktober: Utvekslingsprosjekt Sogn og Fjordane/Danmark, samarbeid med RKNUWC.

  • 23.-24. oktober, Kaupanger: Nordisk konferanse om pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder: Den kvalifiserte informasjonssøkaren - Verkstad for lesestimulering og informasjonskompetanse. Fylkesbiblioteket medarrangør.

  • 13. november, Førde: Årets barne- og ungdomslitteratur

 

Folkebiblioteka i Sogn og Fjordane

Generelt

Drift av folkebiblioteket blir regulert gjennom Lov om folkebibliotek. Paragraf 1 fastset målsettinga for folkebibliotektenestene:

"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet".

Det er vidare fastsett at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. I Sogn og Fjordane finst det i alt 66 bibliotekavdelingar - 5 færre enn året før. Av dei 66 er 26 hovudbibliotek og 40 filialar. 22 av avdelingane er kombinasjonsbibliotek med skulebibliotek.

Økonomi

Kommunane sitt totale driftsrekneskap for biblioteka i fylket viser at for 2002 var dei totale driftsutgiftene kr 29 282 783,-. 

I 2003 vart det brukt i underkant av 4,14 millionar, eller kr. 38,57 pr. innbyggjar, på innkjøp av media til biblioteka. Også i år er det altså ein nedgang her, dei tilsvarande tala for 2002 var ca 4,33 millionar/kr. 40,39 pr. innbyggjar, i 2001 4,5 mill., 41,87 kr/innb. På landsbasis ligg Sogn og Fjordane godt over landsgjennomsnittet pr. innbyggjar. Dette skuldast sjølvsagt låge innbyggjartal. Mange bibliotek slit med å sikre ei aktuell og allsidig mediasamling, og stadig fleire får kutt i mediebudsjetta sine. I 2003 brukte 12 kommunar under 100.000 til innkjøp av media, i 2002 10 kommunar og i 2001 var det 6 kommunar som hadde så lite å kjøpe inn for.

Skilnadene mellom kommunane er store. I 2003 hadde Aurland det høgste medierekneskapet med kr 81,41 pr innbyggjar. Vågsøy ligg framleis på botn med kun kr. 9,24 pr. innbyggjar, men det er i alle fall ein auke frå 7,99 året før. 

Personale

I biblioteklova står det at alle kommunar skal ha ein fagutdanna biblioteksjef, og i 2003 hadde 13 av totalt 26 kommunar biblioteksjef med fagutdanning. Av desse er 8 i heil stilling. Totalt er 9 biblioteksjefar heiltidstilsett, medan 17 har deltidsstilling. Til saman er det 102 personar i drøyt 50 årsverk i folkebiblioteka i fylket - omtrent det same som året før.

Bok- og mediabestand

Totalt er den samla bokbestanden for alle kommunane oppe i 984 131bøker (2002: 975 055) ved utgangen av 2003. Legg ein til andre media (video, lydbøker, musikk-cd osv) kjem ein opp i 1 033 196 media (2002: 1 022 287). 

IKT

Av 66 bibliotekavdelingar hadde 46 tilgang til internett for publikum i 2003. Det var minst ei avdeling i kvar kommune som ga internettilgang for publikum. Til saman hadde biblioteka 106 pc'ar med internettilgang for publikum. 13 bibliotek har gjort katalogen sin søkbar på internett, det er 5 fleire enn i 2002, i 16 bibliotek er katalogen søkbar for publikum på lokale pc'ar i biblioteket. Framleis er det altså ein del bibliotek der publikum ikkje har høve til å søke opp bøker i biblioteket sin katalog.

Utlån

Folkebiblioteka lånte i 2003 ut 608 435 bøker og andre media (inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt). Dette svarar til 5,67 utlån pr. innbyggjar, ein auke frå i fjor. Både utlån av bøker og utlån av andre media har auka.


Det var i høgast utlån pr. innbyggjar i Høyanger, etterfølgd av Vik, Balestrand og Luster. Lågast utlån hadde Vågsøy.

I I 2003 vart det lånt ut 187 335 barnebøker av totalt 419 108 (ikkje inkl. lån frå buss og båt). Det vil seie at ca 45 % av bokutlånet er barnebøker. Dette er omtrent same høvestal som dei foregåande åra.

Talmateriale

Kommuneopplysningar (adresser, namn osv)
Ressursar (avdelingar, personale)
Økonomi (budsjett, rekneskap)
Media (bøker og andre media)
IKT (datamaskiner, internettilgang)
Verksemd (utlån, arrangement, samarbeid) 

 

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 17.06.04 , av Anja Angelskår Mjelde