Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Heim 
Bibliotekstatistikk

Bibliotekstatistikken 2001

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Fylkesbiblioteket er eit service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i fylket. Fylkesbiblioteket driv mobil bibliotekteneste (buss og båt), fjernlånsverksemd, kurs- og møteverksemd, gir fagleg rettleiing, deltek i utviklings- og prosjektarbeid, samt utarbeider statistikk og rapportar for den samla bibliotekverksemda i fylket.

Fylkesbiblioteket har 8 fast tilsette, i 7,5 årsverk. Fylkesbiblioteket har ei mediasamling på om lag 120 000 media (bøker, video, cd, lydbøker m.m.). Netto utgifter i 2001 var kr 4 445 000, brutto kr 5 025 000. Det vart tilsaman brukt kr 588 000 til mediakjøp.

Møteverksemd

25-26. juni: Biblioteket som pedagogisk ressurs.
Nordisk konferanse på Hauglandsenteret Samarbeid m. bl.a. UWC, Utdanningskontoret i fylket og Norsk bibliotekforening, 125 deltakarar

3. – 4. september: Det dynamiske bibliotek. Samlingsutvikling og samfunnskontakt.
Bibliotekdagane 2001 i Stryn. Samarbeid m. Norsk bibliotekforening, 50 deltakarar

15. oktober: Biblioteket som læringarena.
Fylkeskonferanse i Førde. Samarbeid m. Vaksenopplæringsforbundet, 35 deltakarar

27. november: Litteraturformidling til barn og unge.
Kurs i Førde. Samarbeid m. Statens bibliotektilsyn, 30 deltakarar.

4. desember: Litteraturorientering, Ny norsk vaksenprosa.
Møte i Førde. Samarbeid m. Norsk kulturråd, 50 deltakarar.

Fjernlån

Fylkesbiblioteket mottok 7012 tingingar til fjernlånsavdelinga. Tilsaman vart det lånt ut 6478 medium. Det vart lånt ut 2203 bøker som klassesett til skulane i fylket.

Nedgangen kan forklarast med at tidlegare brukte folkebiblioteka fylkesbiblioteket som ein sentral som formidla alle fjernlånstingingar for dei. No nyttar dei lånande biblioteka internett, og tingar stort sett berre media som ein kan sjå er i fylkesbiblioteket sine samlingar. Elles tingar biblioteka fjernlån direkte frå andre bibliotek.

Mobil bibliotekteneste

Bokbåten Epos

Samarbeid med Hordaland og Møre og Romsdal fylke.

På vinterturen vitja båten 40 stader i fylket. Kulturprogrammet var ved folkemusikaren Alf Bugge Gjerstad med førestillinga "Fra øst og vest".

På haustturen vitja båten 39 stader fylket. Kulturprogrammet var med Abrakadabra-teatret. Trond Magnum framførte førestillinga "Et kunststykke" som hadde Noregspremiere på bokbåten.

Utlån frå bokbåten i 2001:

Kommune

Antall stopp

Lånarar

Utlån

Askvoll

2

134

2 706

Aurland

3

71

755

Balestrand

1

31

1 195

Bremanger

1

10

510

Flora

7

184

2 741

Gulen

5

132

2 556

Høyanger

2

34

433

Luster

3

82

1 394

Lærdal

1

8

341

Selje

1

22

402

Solund

8

151

3 207

Stryn

1

29

475

Vik

2

97

2 045

Vågsøy

2

33

608

Totalt

39

1 018

19 368

Talet på personar som var om bord i "EPOS" i 2001 var 1 806, mot 2 135 i 2000. Gjennomsnittsframmøte var 23,2 personar, mot 26,7 i 2000

Utlånstal frå bokbåten 1998-2001:

 

1998

1999

2000

2001

Barn

10 801

10 680

10 570

9 799

Vaksne

9 903

9 098

9 999

9 569

Totalt

20 704

20 578

20 569

19 368

Bokbussen

Samarbeid med 8 kommunar i fylket

Bussen har 45 stopp i fylket, dette er i hovudsak ved skular og barnehagar. 2/3 av utlånet er til barn og unge. Til saman vart det lånt ut 13 023 bøker, lydbøker og cd-ar frå bussen.

 

Kulturformidling

Veke 47: Forfattarturne med Tomas Mørkrid. Foredrag om Fantasy-litteratur.
Besøk i kommunane Førde, Naustdal, Flora, Fjaler og Askvoll. Samarbeid med Interbok i Førde.

IKT

Fylkesbiblioteket har web-hotell for biblioteka i Leikanger, Aurland, Gloppen og Gaular. Førde bibliotek, Øyrane og Hafstad vidaregåande skule og grunnskulane i Førde er med i eit it-samarbeid om registrering i databasar på fylkesbiblioteket sin server. Løysingane er vidareutvikla i 2001. Vidare optimalisering av løysingane ved fylkesbiblioteket vil skje i samarbeid med IT-avdelinga i fylket.

Fylkesbiblioteket har i 2001 utvikla ei ny heimeside med forbetra design og meir vekt på nyhende og aktuell informasjon.

IT-konsulenten har vitja fleire av folkebiblioteka fylket.

Prosjekt

Fjognedok Eit lokalhistorisk prosjekt.
Eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalbiblioteket

Bibliografisk base over lokalhistorisk litteratur i Sogn og Fjordane. I basen ligg det analyserte lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar m.m. Prosjektet starta opp i 2000 og vert følgt opp i 2001. Pr. 1. januar 2002 hadde basen 5008 postar. Fylkesbiblioteket vil søkje om FOU-midlar til vidareføring i 2002.

Marknadsføring av mobile bibliotektilbod til born
Samarbeidsprosjekt med fylkesbiblioteka i Hordaland og Møre og Romsdal

Det har vore oppretta ei eigen bokbåtklubb for born. I denne samanheng har det vore utforma informasjonsbrosjyrer, bokmerker, plakatar, og ikkje minst eit fargerikt medlemsblad. Alt er utforma med heilskapleg design.

I dei tre fylka var det til saman verva 1 343 medlemmar til bokbåten husten 2001. Eigen nettstad skal utviklast. Fylkesbiblioteka vil søkje om FOU-midlar til vidareføring i 2002.

Biblioteket som læringsverkstad
Eit kompetanseutviklingsprosjekt i tre folkebibliotek

Fylkesbiblioteket initierte hausten 2001 eit samarbeidsprosjekt mellom folkebiblioteka i Førde, Høyanger og Årdal.

Prosjektet skal utvikle og kvalitetssikre bibliotektenestene retta mot etter- og vidareutdanning for innbyggjarane i kommunane med desse delmåla:
1) Auke kompetansen hjå dei tilsette i biblioteka
2) Utvikle folkebiblioteka som læringsarena

Det er søkt om VOX- midlar frå Kompetanseutviklingsprogrammet for 2002.

 

Folkebiblioteka i Sogn og Fjordane

Generelt

Drift av folkebiblioteket blir regulert gjennom Lov om folkebibliotek. Paragraf 1 fastset målsettinga for folkebibliotektenestene:

"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet".

Det er vidare fastsett at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. I Sogn og Fjordane finst det i alt 71 bibliotekavdelingar, av dette er 26 hovudbibliotek og 45 filialar. 21 av avdelingane er kombinasjonsbibliotek med skulebibliotek.

Økonomi

Kommunane sitt totale driftsrekneskap for biblioteka i fylket viser ein liten nedgang i høve til 2000. For 2001 var dei totale driftsutgiftene kr 26 952 713,-, mot kr 28 495 348,- i 2000.

I 2001 vart medierekneskapet til saman på drøyt 4,5 millionar, eller kr. 41,87 pr. innbyggjar. Det er omtrent det same som i fjor. Sett på landsbasis ligg Sogn og Fjordane godt over landsgjennomsnittet pr. innbyggjar. Dette skuldast sjølvsagt låge innbyggjartal. Mange bibliotek slit med å sikre ei aktuell og allsidig mediasamling. I 2001 brukte 6 kommunar under 100.000 til innkjøp av media, og budsjett-tala for 2002 viser at 10 kommunar har mindre enn 100 000 til mediainnkjøp.

Skilnadene mellom kommunane er store. Luster har det høgste medierekneskapet pr. innbyggjar med kr 93,86 pr innbyggjar. Vågsøy ligg på botn med kr. 19,43 pr. innbyggjar.

Personale

I biblioteklova står det at alle kommunar skal ha ein fagutdanna biblioteksjef, og så langt er det 14 av totalt 26 biblioteksjefar med fagutdanning i fylket. Av desse er 8 i heil stilling. Totalt er 10 biblioteksjefar heiltidstilsett, medan 16 har deltidsstilling. Til saman er det 104 personar i knapt 53 årsverk i folkebiblioteka i fylket.

Bok- og mediabestand

Totalt er den samla bokbestanden for alle kommunane oppe i 951 396 bøker ved utgangen av 2001. Legg ein til andre media kjem ein opp i 994 571 media. Bokbestanden har gått litt ned, medan det har vore auke i bestanden av både musikk, lydbøker, CD-ROM og video.

IKT

Av 71 bibliotekavdelingar hadde 47 tilgang til internett for publikum i 2001. Det var minst ei avdeling i kvar kommune som ga internettilgang for publikum. Til saman hadde biblioteka 76 pc'ar med internettilgang.

Utlån og besøk

Folkebiblioteka lånte i 2001 ut 561 192 bøker og andre media (inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt). Dette svarar til 5,22 utlån pr. innbyggjar, det same* som i fjor. Utlånet av bøker har gått litt ned, medan utlån av andre media har gått opp. Snittet for heile landet var i 2000 5,21 utlån pr. innbyggjar.

* Tala i den trykte versjonen av statistikk for 2000 viste eit utlån på 5,18 pr innbyggjar, men vi fekk inn eit korrigert tal etter at statistikken var trykt. Korrekte tal finn ein på http://www.sf.fylkesbibl.no/statistikk/2000/
Det var i høgast utlån pr. innbyggjar i Høyanger, etterfølgd av Solund og Balestrand. Lågast utlån hadde Vågsøy.

I 2001 vart det lånt ut 178 787 barnebøker av totalt 394 400 (ikkje inkl. lån frå buss og båt). Det vil seie at ca 45 % av bokutlånet er barnebøker. Same høvestal hadde ein i 2000; 182 326 av 405 335.

 

Besøkstala er svært usikre, og er mykje basert på manuelle teljingar og overslag. Men tala vi har fått inn viser at 462 357 personar besøkte biblioteka i Sogn og Fjordane i 2001. Dette er ein nedgong frå året før, men dette er som sagt usikre tal.

Talmateriale

Kommuneopplysningar (adresser, namn osv)
Ressursar (avdelingar, personale)
Økonomi (budsjett, rekneskap)
Media (bøker og andre media)
IKT (datamaskiner, internettilgang)
Verksemd (utlån, arrangement, samarbeid) 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 13.06.06 , av Anja Angelskår Mjelde