2007

Kva Tid og stad
Konferanse om Bibliotekreform 2014
 
Måndag 29. januar 2007, Skei hotell
Regionmøter, Samling for biblioteksjefane
Sunnfjord/Ytre Sogn: 
Indre Sogn: 
Nordfjord: 
Alle møta: 1000-1400
Fredag 16 februar, Førde bibliotek 
Tirsdag 20 februar, Sogndal kulturhus 
Torsdag 22. februar, Gloppen bibliotek

 

Samling om nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og om litteraturformidling
 
Tysdag 27. mars 2007, 
Sunnfjord Hotell, Førde
Kurs i informasjonssøking, 
v/Roar Storleer, UBiT Infosøk
 
11. juni, Førde
Bibliotekdagane 2007
 
September, Førde
Årets barne- og ungdomslitteratur
 
November, Førde

2006

Møte for bokpratarar

Målgruppe:    Bokpratarar i fylket og bibliotektilsette som arbeidar med litteraturformidling for barn og unge
Tid:    Veke 12
Stad:    Førde
Pris:    Gratis. Lett servering.
Kontaktperson: Anne Sagen


Utstilling i biblioteket

Arr. i samarbeid med NBF Sogn og Fjordane
Målgruppe:    Bibliotektilsette
Kurshaldar:    Rand Mette Aalberg
Tid:    Tysdag 28. mars, kl. 10.00-17.00
Stad:    Førdehuse, Peisestova
Pris:    Kursavgift kr. 1.200.-, for NBF-medl.: 900,-
Prisen inkl. lunsj, kursmateriell og kompendium
Randi Mette Aalberg er dekoratør og dagleg leiar i firmaet Adek som arbeider med utstillingar og vareeksponering. Ho har tidlegare halde fleire kurs for bibliotektilsette og fått god omtale for desse. Med seg til kurset har ho mykje dekormateriell og praktiske hjelpemiddel til utstillingar, dette kan seinare tingast frå Adek. Det vert og høve til å kjøpe direkte det som har vore nytta på kurset.
Program:
09.30     Kaffi og registrering
10.00    Teoretisk del: Trendar, prosessar, målgrupper, gjennomgang av kompendiet
12.00     Lunsj
12.45    Gruppearbeid med rettleiing undervegs og gjennomgang av gruppearbeida i plenum.
17.00    Slutt
Kontaktperson: Gunnvor Schei
Påmeldingskjema NB! Bindande påmelding innan 17. mars.


Regionmøte for Indre Sogn

Målgruppe:    Biblioteksjefane i Indre Sogn

Frå fylkebiblioteket deltar Solveig Bjordal, Gunnvor Schei og Anne Sagen
Tid:    Mandag 3. april kl. 11.00-14.15
Stad:    Luster
Pris:    Gratis, fylkesbiblioteket spanderer lunsj
Kontaktperson: Solveig Bjordal


Regionmøte for Ytre Sogn og Sunnfjord

Målgruppe:    Biblioteksjefane i Ytre Sogn og Sunnfjord

Frå fylkebiblioteket deltar Solveig Bjordal, Anja A. Mjelde og Anne Sagen
Tid:    Fredag 21. april, kl 11.00-14.15
Stad:    Askvoll
Pris:    Gratis, fylkesbiblioteket spanderer lunsj
Kontaktperson: Solveig Bjordal


Regionmøte for Nordfjord

Målgruppe:    Biblioteksjefane i Nordfjord

    Frå fylkebiblioteket deltar Solveig Bjordal, Anja A. Mjelde og Ingrid Dræge
Tid:    Onsdag 19. april, kl 12.00-15.15
Stad:    Stryn
Pris:    Gratis, fylkesbiblioteket spanderer lunsj
Kontaktperson: Solveig Bjordal


Bruk av internett - med spesielt fokus på dei større søkemotorane og dei mange ulike tenestene deira - AVLYST!

Målgruppe:    Bibliotektilsette i folkebibliotek og vidaregåande skule
Kurshaldar:    Roar Storleer, UBiT, SUS- INFOSØK
Tid:    Mandag 22. mai, 10.00 -15.30. Kaffi/te/kringle frå 9.30. Lunsj ca 12.15
Stad:    Fagskulen i Førde (tidl. Førde tekniske fagskule). Biblioteket 2. etg.
Korleis finne fram: Ta av frå Hafstadvegen mellom Skeidar og Farsund bygg (det er busstopp rett ved, utanfor Berge&Co, også ein rett forbi Farsund bygg), kjør/gå rett fram til ein er nesten i fjellveggen. Her går veien opp på ein "rampe" til ein parkeringsplass. Gå inn inngangen her - kursrommet er heilt i enden av korridoren, rett fram.
Pris:    300,- inkl. kompendium og enkel lunsj
UBiT presenterer kurset slik: "Internetts inntog i informasjonssamfunnet har åpnet for helt nye muligheter for å lagre, distribuere og bruke informasjon. Nettet, som er nåtidens største informasjonsleverandør legger i mange henseende premissene, og det stilles store krav til brukerne om hvordan en finner fram til ønsket informasjon og ikke minst det å kunne vurdere informasjonens kvalitet og ekthet. Dette kurset er et kurs med fokus på de store søkemotorene (Google, Yahoo!, AltaVista m.fl.) og alle spesialtjenestene som de etterhvert tilbyr." Meir info om kursinnhaldet: http://www.ub.ntnu.no/opplaring/infokval.html
Kontaktperson: Anja Angelskår Mjelde


Fylkeskonferanse om lesing og DKS

Tid:    6.-7. september
Stad: Førde

For første gong vil satsingane Gi rom for lesing og Den Kuturelle skulesekken gå saman om å gjere noko. Det blir stor konferanse i Førde 6. og 7. september. Målet med konferansen er å spreie idear, ny kunnskap, bidra til erfaringsdeling, samarbeid og inspirasjon. Første dag av konferansen vil handle mest om Den kulturelle skulesekken, men med fokus på lesestimulering der det høver. Andre dag har vi mykje spennande å by på om lesing, litteratur og formidling. Gode tiltak i fylket skal fram i lyset. Som krydder får vi oppleve magiske forteljingar og elever som tolker Ibsen på eigen måte.

Arbeidsgruppa bak konferansen er Forum for leselyst. Vi er ei gruppe sett saman av representantar frå folkebibliotek, skule, biblioteka i skulane, fylkesbiblioteket og dei to store satsingane som har så mykje å seie for at vi har fått ny optimisme i lesestimuleringa, Gi rom for lesing og DKS. Velkomen!

Program og påmeldingsskjema ligg på nettsidene til fylkesmannen

Påmeldingsfrist 15. juni.
Kontaktperson på fylkesbiblioteket: Anne Sagen


Bibliotekdagane 2006

Målgruppe:    Bibliotektilsette
Tid:    12.-13. september
Stad:    Årdal
Pris:    Ikkje fastsett
Arrangør:    Fylkesbiblioteket og NBF avd. Sogn og Fjordane
Program
Kontaktperson: Solveig Bjordal

 

Årets barne- og ungdomsbøker

Eit kurs som er midt i blinken for dei som vil bli kjent med dei nye, gode bøkene, men som ikkje har tid til å lese alt det nye sjølv. Også i år innbyr vi til dagskurs med flinke føredragshaldarar frå IBBY Norge - Barnebokforum.
Tid og stad:    Tysdag 5. desember Førde, Lisjesalen i Førdehuset kl. 0930-1430
Onsdag 6. desember Sogndal, Vetlesalen i Sogndal kulturhus kl. 0930-1430
Deltakaravgift:    Deltakaravgift kr. 500,- som inkluderer kurs, kaffi og lunsj.
Dei som ønskjer å delta på berre delar av dagen, vil få redusert pris, kr. 120,- pr. førelesning. NB! Sei frå om du då skal ha lunsj!
Målgrupper:    Lærarar i grunnskulen, personalet i barnehagar, folkebibliotek og bokhandlar.

Fellesprogram for dei to kursstadane:  

kl 09.30    Registrering, kaffi/te og noko å bite i
kl 10.15    Barnebøker ved Ragnhild Madsen, bibliotekar
kl 11.15    Pause
kl 11.30    Biletbøker ved Ellen Christina Sjøwall, illustratør
kl 12.30    Lunsj
kl 13.30    Ungdomsbøker ved Bjarte Bakken, bibliotekar
kl 14.30    Slutt.

Påmeldingsfrist: Tysdag 28. november

Kursansvarleg: Anne Sagen, 57 72 18 90 anne.sagen@sfj.no


Kva er eit godt bibliotek? AVLYST!

Målgruppe:    Biblioteksjefar/bibliotektilsette
Kurshaldar:    Bente Dammen, biblioteksjef i Osterøy kommune
Tid:    Byrjinga av desember, kl 10.00-15.30
Stad:    Førde
Pris:    Ikkje fastsett

Ein dag med blanda fagstoff, motivasjon, arbeidsglede, nettverksbygging og erfaringsdeling.
Tema:
Kva er eit godt bibliotek i ein mindre kommune? Stikkord: Lokale? Personale? Tilgjengeligheit?
Korleis gje eit godt bibliotektilbod med små ressursar? Stikkord: Felles katalog med andre bibliotek - skolebibliotek? Rutinar - forenkling, forbetring? Medieval - kan andre gjera det? Å drukna i kulturfondbøker? Å frigjera seg frå budsjettet. Kva er god service? Medarbeidarar (Gøy på jobben, det gode arbeidsmiljø, mitt ansvar?) Brukarane
Korleis gjere tilbodet kjend - utan ressursar?
Kontaktperson: Ingrid Dræge

2005

  • Mikromarc informasjonsmøte, Skei 10. februar

    Ein ny og forbetra versjon av Websøk kjem i februar/mars. Vi inviterer difor til informasjonsmøte

    fredag 11. februar kl. 10-14, på Skei hotell,

    Det er gratis å delta, men lett lunsj betaler vi kvar for oss (kr 165,-)
    Meld deg på ved å sende e-post til ann.kristin.flotre@gloppen.kommune.no

    Jens-Christian Strandos frå BIBITS vil demonstrere det nye Websøket, samt informere om ulike driftsløysingar. Vi vil i tillegg sette av godt med tid til tema som vi brukarane er opptekne av. Så ta gjerne med liste over spørsmål de lurer på, gjerne små praktiske detaljar. Det er sikkert andre som lurer på det same! No har vi sjansen til å få ekspert-svar utan at det kostar oss noko, samt diskutere oss i mellom kva løysingar vi har valt rundtom.

    Strandos har elles sett av veke 6 til besøk i fylket, så dersom de har behov for eit besøk av han (internt mini-kurs, eller konsulenthjelp), har de den veka fordelen av å sleppe å betale reise- og oppholdsutgifter (betaler kun timepris 790,-). Dersom de ynskjer slikt besøk, ta kontakt direkte med Strandos på telefon 91 86 04 41 eller pr e-post jcs@bibits.no

    Ann-Kristin Vik Fløtre
    på vegne av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

  • Bokpratkurs i Bergen, 14.-16. febr. og 9.-11. mars 2005

  • Nettverkssamlingar for folkebiblioteksjefane

    • Sunnfjord/Ytre Sogn: 22. februar i Førde 
    • Nordfjord (etter påske)
    • Indre Sogn (etter påske)
       
  • Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane. 15.-16. september, Førde

  • Årets barne- og ungdomslitteratur. Florø 7. november og Sandane 8. november.

2004

15. april: Kurs i søk på internett

Fylkesbiblioteket og Opplæringsavdelinga arrangerar i samarbeid eit kurs i søk på internett. Kursleiarar er Solveig Eik og Rigmor Haug frå Vestfold fylkesbibliotek, som er hhv prosjektleiar for det nasjonale prosjektet bibliotekvakten.no og bibliotekkonsulent med IKT som arbeidsområde.

Tidspunkt: Torsdag 15. april, 9.30-15.45
Stad: Hafstad vidaregåande skule, Førde
Pris: Gratis

Program:
09.30: Kaffi og rundstykker
10.00 - 11.00: Velkomst. Ulike typar søkeverktøy og korleis dei fungerar
11.00 - 11.15: Pause
11.15 - 12.00: Djupdykk i Kvasir og Google
12.00 - 13.00: Lunsj
13.00 - 13.45: Fleire søkeverktøy
13.45 - 14.00: Pause
14.00 - 14.45: Den usynlege veven
14.45 - 15.00: Pause
15.00 - 15.45: Søketips og søkestrategiar

Kurset er teoretisk, med forelesning og demonstrasjonar.

Påmelding innan 26. mars til kurs@sf.fylkesbibl.no eller tlf 57 72 18 87 (fylkesbiblioteket v/Anja A. Mjelde)

 

4. mai: Biblioteksamarbeid - mogelegheiter og fallgruver

Biblioteksamarbeid, interkommunalt samarbeid og samarbeid på tvers av bibliotektypar for å nå visjonen om det saumlause biblioteket er viktige faktorar for bibliotekutviklinga i fylket. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek ønskjer å invitere til meir og betre samarbeid mellom biblioteka i fylket, og har med dette gleda av åp innby til seminaret "Biblioteksamarbeid - mogelegheiter og fallgruver".
Tid:      Tysdag 4. mai, kl. 10-15.30
Stad:      Sunnfjord Hotell, Førde
Pris:      350,- (inkl. lunsj)

Program:
09.30     Kaffi
10.00     Velkommen
10.15     Interkommunalt biblioteksamarbeid, v/ Elin Golten, prosjektleiar Hordaland fylkesbibliotek. PDF-fil av innlegget
11.00     Samarbeid mellom folkebibliotek og høgskule (pdf-fil), og samarbeid med diverse institusjonar om enkeltprosjekt som t.d Sørlandets litteraturpris (pdf-fil). V/ Anne Kristin Undlien, biblioteksjef Kristiansand folkebibliotek
12.00      Lunsj
13.00      Aktuelle tekniske samarbeidsløysingar i fylket, v/ Anja Angelskår Mjelde, fylkesbiblioteket (PDF-fil av innlegget)
13.15     Gruppearbeid
14.30     Plenum
15.30      Slutt

Påmelding til fylkesbiblioteket på kurs@sf.fylkesbibl.no, tlf. 57 72 18 80, faks 57 72 18 93, innan 20. april

 

Bibliotekdagane. 28.-29. september, Bergen.

Vi vil ha første dag saman med Hordaland, dag 2 har vi eige opplegg. 
 

Møte om nettverkssamarbeid

Fylkesbiblioteket vil følgje opp seminaret 4. mai om biblioteksamarbeid og inviterar med dette biblioteksjefane til møte om nettverksamarbeid i regionane.

Frå fylkesbiblioteket møter Anja Angelskår Mjelde, Anne Sagen og Solveig Bjordal.

Fylkesbiblioteket vil orientere om lesestimuleringstiltak, elles legg vi opp til at nettverksgruppene sjølve skal diskutere aktuelle samarbeidstiltak.

Oppsummering av innspela på seminaret kan du lese her.

Nettverk 1 - Sunnfjord: Flora, Førde, Gaular, Askvoll, Naustdal, Jølster, Fjaler, Solund,  Hyllestad 
Stad:   Flora folkebibliotek
Dato:   mån. 4. oktober
Tid:     1100- 1500

Nettverk 2 - Sogn: Gulen, Balestrand, Høyanger, Årdal, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland, Vik
Stad:   Sogndal bibliotek
Dato:   mån. 18. oktober
Tid:     1030 –1430

Nettverk 3 - Nordfjord: Selje, Eid, Hornindal, Gloppen, Stryn, Bremanger, Vågsøy
Stad:   Eid folkebibliotek
Dato:   ons. 20. oktober
Tid:     1030 -1430

Fylkesbiblioteket spanderer enkel lunsj. 

Håper at alle biblioteksjefane  har høve til å delta!!

Påmeldingsfrist:  
Nettverk  1 - Sunnfjord:   30. september
Nettverk  2 - Sogn:         14. oktober
Nettverk  3 - Nordfjord:    15.oktober

Solveig Bjordal
 

Årets nye barnebøker. 11. november i Førde, 12. november i Sogndal

Skulane og barnehagane satsar stort på lesestimulering i samband med regjeringa si store satsing på leseglede og lesedugleik, planen Gi rom for lesing. Lærarane etterspør oppdatering på og oversikt over ny barne- og ungdomslitteratur. Dette kurset er midt i blinken for lærarar som vil bli kjent med dei gode bøkene, men som ikkje har tid til å lese sjølv.

For at flest mogleg i fylket skal kunne delta på kurset, prøver vi i år å halde kurset to stadar, i Førde og i Sogndal. Dette vil vi halde fram med neste år dersom vi får nok påmeldte.

Kurset er eit samarbeid mellom Norsk Barnebokforum og fylkesbiblioteket.
Tid og stad:     11. november i Lisjesalen i Førdehuset i Førde, kl. 0930 til 1430
                          12. november i kulturhuset i Sogndal, kl. 0930 til 1430
Deltakaravgift:     Kr. 360,-  som inkluderer kurs, kaffe og varm lunsj.
Målgrupper:     Lærarar i grunnskulen, personalet i barnehagar, folkebibliotek og bokhandlarar.

Fellesprogram for dei to kursstadane:  

kl 09.30     Registrering, kaffi/te og noko å bite i
kl 10.00     Barnebøker ved Alf Ramsfjell, bibliotekar på Ås
kl 11.00     Pause
kl 11.15     Biletbøker ved Trude Tjensvoll, illustratør, gitt  ut to biletbøker
kl 13.15     Ungdomsbøker ved Marit Hallen, ungdomsbibliotekar frå Torshov-filial i Oslo. Driv med munnleg forteljarkunst
kl 1415      Oppsummering og litt info frå fylkesbiblioteket.

Førde Interbok stiller ut årets bøker i Førde.
Skjeldestad Libris stiller truleg ut bøker i Sogndal.

Det vert høve til å tinge bøker hos dei dersom ein ønskjer det

Påmeldingsfrist: Fredag 5. november!

Kontaktperson: Anne Sagen, e-post anne.sagen@sf-f.kommune.no, tlf. 57 72 18 90

2003

Møte om Prosjektet "Bokbussen hentar inn fortida – eit digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane".

Møte for biblioteksjefane i bokbusskommunane.

Tid: Tysdag 1. april 2003
Stad: Sakralrommet, 2 etg. i Førdehuset
Målgruppe: Biblioteksjefar i bokbusskommunane

Fylkesbiblioteket og fylkesarkivet har glede av å invitere til eit informasjons- og drøftingsmøte om det nye prosjektet "Bokbussen hentar inn fortida". Før jul fekk vi prosjektmidlar frå Statens Bibliotektilsyn, no ABM-utvikling, til prosjektet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkesarkivet og fylkesbiblioteket. Prosjektet går ut på at vi samler inn lokalhistorisk interessante foto på bussen. Ein frå fylkesarkivet blir med på bussen og tar seg av jobben med fotografia. Innsamlingsperioden vert august til desember 2003.

Før vi legg planer for gjennomføring av prosjektet, må vi bl.a. verte einige om kva nye stopp vi treng for å nå flest mogleg med prosjektet.

Dette prosjektet gir oss eit godt høve til å opprette eit spanande samarbeid med fylkesarkivet, marknadsføre og revitalisere bokbussen, nå nye brukargruppar og utvikle eit betre samarbeid med skulane som bussen stopper ved.
Program
kl. 10.00:      Kaffe eller te
kl. 10.30:     Orientering om prosjektet v/ fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal
kl. 10.45:     Litt om tidlegare fotoprosjekt og kva fylkesarkivet ventar seg av dette v/fylkesarkivar Gunnar Urtegård
kl. 11.30:      Korleis scanninga og registreringa foregår v/ Arild Reppen
kl. 11.45:      Lunsj
kl. 12.30:      Marknadsføring og idear til samarbeid v/ Anne Sagen
kl. 12.45:      Gruppearbeid om prosjektet
kl. 13.15:      Oppsummering av gruppearbeida
kl. 13.30:      Litt info. om bussen
Møtet er ferdig ca. kl. 14.00

Vi servarar enkel lunsj. Vi vil ha tilbakemelding om kvem som kjem innan 25. mars. Ta gjerne med bokbusspersonalet.

Påmelding til Anne: tlf. 57 72 18 90 eller e-post anne@sf.fylkesbibl.no

Vel møtt!

 

Kurs i bruk av internett som arbeidsverktøy til prosjektoppgaver

Søkemetodar, kjeldekritikk, kvalitetssikra nettstadar, lesestimulering på nett.

Kurset er ved Anett Kolstad frå "Prosjekthjelpen", og er det same som fleire gongar har blitt arrangert ved Biblioteksentralen. Innhaldet på kurset presenterer "Prosjekthjelpen" slik:
Kurset inneholder:
Del 1:     Søkemetoder: Søkemaskiner og andre typer "prosjekthjelp" blir presentert.
Del 2:     Kildekritikk: Om hvordan vi kan se om en hjemmeside er god eller dårlig
Del 3:     

Kvalitetssikrede nettsteder: Smakebiter og tips til flere kvalitetssikrede nettsteder som kan brukes direkte i prosjektarbeidet.
Del 4:     

Lesestimulering på nett: Lesetips og oppskrifter på hvordan gjennomføre lesestimuleringsprosjekt i klasserommet.

Les meir på http://www.prosjekthjelpen.no/

Tid:     Torsdag 22. mai, kl. 10.00
Stad:     Datalab, HSF, avd. for ingeniørutdanning (Concord-bygget) i Førde
Pris:     Kr. 500,-, inkl. kurshefte og lunsj.
Målgruppe er tilsette i folkebibliotek og bibliotek i vidaregåande skule.

Påmelding (m/ namn + arbeidsstad) innan 7. mai til
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde
Tlf. 57 72 18 80, faks 57 72 18 93, e-post: kurs@sf.fylkesbibl.no

NB! Det er begrensa tal plassar på kurset, så først til mølla…

 

Møte om bibliotek og internasjonalisering

Røde Kors Nordisk United World College og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek inviterer til

Møte om bibliotek og internasjonalisering, onsdag 28. mai kl 10 30 på Skei hotell

Vi ynskjer kontakt med bibliotek, skular og andre institusjonar som driv med informasjonsformidling og som er interesserte i internasjonaliseringsarbeid. Målet er å orientere om arbeidet vi driv innan internasjonalisering og utveksling og å skaffe samarbeidspartnarar til vidareføring av prosjekta.

Roger Kløvtveit frå Vesle-Daniel-prosjektet vil fortelje om internasjonaliseringsarbeid og aktuelle utvekslingsordningar og Ingebjørg Erikstad frå kulturavdelinga om internasjonalt arbeid i fylkeskommunen. Lise Alsted Henrichsen frå volontørprosjektet i bibliotek i Dalsfjorden og Siri Ingvaldsen frå RKNUWC vil orientere om utvekslingsprosjekta vi er i gang med.

Tema:

Internasjonaliseringsarbeid i Sogn og Fjordane og Vesle-Daniel-prosjektet
Vesle Daniel-prosjektet starta som eit internasjonaliseringsprosjekt i HAFS-kommunane og har seinare vorte eit fylkeskommunalt prosjekt. Innhaldet er særleg ungdomsutvekslingar, leiarkurs og volontørprosjekt.

Volontørprosjekt i bibliotek – erfaringar og vidareføring
RKNUWC og fylkesbiblioteket har i lag med folkebiblioteka i Dalsfjorden (Askvoll, Fjaler og Gaular) nett avslutta eit volontørprosjekt innanfor EVS-ordninga (European Volunteer Service). Satsingsområde i prosjektet var undervisning i informasjonssøking, bibliotektilbod til fjernstudentar og mobil bibliotekteneste. Vi ynskjer å formidle erfaringar frå volontørprosjektet og å drøfte korleis vi kan vidareføre det. Vi får stadig søknader frå ungdom frå Europa som ynskjer å delta i eit volontørprosjekt i bibliotek i vårt fylke.

Profesjonsutveksling Leonardo da Vinci
Som ein del av volontørprosjektet har vi og førebudd nye utvekslingsprosjekt, og det er planlagt ei profesjonsutveksling i haust med 10 deltakarar (reise til Danmark, 1 veke). Dette er eit prosjekt som vert støtta av Leonardo da Vinci-ordninga. Gruppa som skal reise skal vere samansett av personar frå institusjonar som driv informasjonsformidling og rettleiing i informasjonssøking i ei eller anna form, og som ynskjer å vidareutvikle "god praksis" på dette området.

Nordisk seminar om pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder
Ei arbeidsgruppe med representantar frå bibliotek- og skulesektoren har starta arbeidet med å førebu seminaret som vil finne stad i Sogn og Fjordane hausten 2003. Tema er pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder.

Pris for kaffi og rundstykke: kr 135,-

Påmelding til Siri Ingvaldsen på e-post siri.ingvaldsen@uwc.net eller tlf 57 73 70 12 innan 23. mai.

Siri Ingvaldsen               Solveig Bjordal
RKNUWC                     Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane 2003 - Det gode bibliotek om ti år

I år vert Bibliotekdagane i Selje, på Selje Hotel, måndag 8. og tysdag 9. september.

Vi håpar at godveret vi har hatt før om åra vil vere med oss i år og.

Hovudtemaet i år vert "Det gode bibliotek om ti år". Innleiar Anders Ericsson vil vere kjend for mange som tidlegare konsulent m.m. i Statens bibliotektilsyn gjennom manger år. No er han frilansar, med bibliotek som spesialområde, og aktiv i biblioteksdebatten både i trykte media og "på nettet". Vi håpar på engasjerte deltakarar og stor aktivitet i gruppearbeidet.

Som vanleg har vi sett av tid til sosialt samvær. Måndag ettermiddag kan de velge mellom to alternative "opplevingar": Tur til Selja og Selje kloster eller besøk på "Galleriet mot Storhavet" (Kjell-Stig Amdam og Vigdis Wåge – sjå www.amdam-art.no.)

Vi håpar å sjå mange av dykk i Selje og ønskjer alle vel møtt!

Nedanfor finn de program og påmeldingsslipp. NB! Påmeldingsfrist 27. august.
 
Program
Måndag 8. september
1330     Lunsj
1430     Samrådsmøte
1600     Kaffitår
Avreise til alternativt Selje kloster eller Galleriet mot Storhavet
2000     Middag
Kåseri ved forfattar Harald Rosenløw Eeg (www.kjentfolk.no/forfattere/eeg)

Tysdag 9. september
0900-0945     ABM – samarbeid i Sogn og Fjordane. Innleiar ikkje bestemt
1000-1130      "Det gode bibliotek om 10 år". Innleiar Anders Ericsson (www.frilanders.net)
  - kaffi
  - diskusjon
  - start gruppearbeid
1130 - 1230      Lunsj
1230 - 1245     Utdeling av Norges Landbrukshistorie B 1-4, v/fylkeslandbruksdirektør Per Ingolv Nygård
1245 - 1345     Gruppearbeid, oppsummering
1400      Årsmøte Norsk bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane
Kaffi
1500     Slutt
 
Praktisk/Påmelding
Stad: Selje Hotel, 6740 SELJE, telefon 57 85 88 80
Opphald og utflukter: Kvar deltakar gjer opp med hotellet, - eventuelt betalar utfluktene på båten eller til den sjåfør som køyrer oss.
Prisar:          
1 døgns kurs og opphald, inkludert heilpensjon     
- Enkeltrom      kr. 900,-
- Dobbeltrom     kr. 800,-
Tillegg for lunch avreisedag (buande)         kr. 110,-
For dei som ikkje bur:     
- lunch, kaffi og kake/frukt     kr. 250,-
- middag     kr. 295,-
Tur til Selje Kloster med båt  kr. 125,-
Tur til "Galleriet mot Storhavet" med bil  kr. 25,-

NB! Påmeldingsfrist 27. august.

 
Utvekslingsprosjekt Sogn og Fjordane/Danmark

2002

Dato Stad Kurs/møte
29. november Førde, 
Rica Sunnfjord Hotell
Barnebokmøte
Meir informasjon og påmelding

26. november
2.desember
9.desember
16. desember
Concord-bygget (HSF), Førde Datakort-kurs
Modul 1 - Grunnleggjande IT-forståing
Modul 2 - Bruk av datamaskin og operativsystem
Modul 4 - Rekneark
Modul 7 - Internett og e-post
Meir informasjon og påmelding
 

Dato

Stad

Kurs/møte

6. og 7. februar Førde/
Concord
Kurs i Mikromarc 2
Dag 1 for nybyrjarar i katalogisering/Mikromarc 
Dag 2 for dei som har litt kjennskap til katalogisering og gjerne har brukt Mikromarc(1) tidlegare. 
Meir informasjon
4. og 5. juni Sogndal/
Solvorn
Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane 2002.
Tema i år er lokalhistorie. 
Meir informasjon og program

 

2001

[Opp]

Dato Stad Kurs/møte
   

Biblioteket som pedagogisk ressurs
Nordisk konferanse om brukarrettleiing i bibliotek, Fjaler 25. -26 . juni 2001
Program, foredrag, deltakarliste m.m.

3.-4. september Stryn

Bibliotekdagane 2001: "Det dynamiske bibliotek", om samlingsutvikling og samfunnskontakt. Program m.m.

15. oktober Førde Biblioteket som læringsarena. Program
Arranagørar er Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fylkesbiblioteket.
26. november

 

Førde/
Sunnfjord
hotell
Barnebokmøte. Forelesningar om årets barne- og ungdomsbøker. Ein lokal bokhandlar stiller ut alle årets nye bøker. Meir informasjon   
AVLYST! (pga. flyproblem)
27. november Førde/
Sunnfjord
hotell
Kurs i litteraturformidling til barn og unge. 
Meir informasjon 
4. desember Førde Litteraturorientering med Aud Nordgarden Grimstad, som er engasjert av Norsk kulturråd for å drive litteraturformidling. Les meir om prosjektet
Nærare kursinfo