Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Generelt
Fylkesbiblioteket er ein fylkeskommunal institusjon som forvaltar folkebibliotekverksemda på fylkeskommunalt nivå og er eit service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i fylket. Fylkesbiblioteket er ein del av kulturetaten i fylket.
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek driv mobil bibliotekteneste (buss og båt), fjernlånsverksemd, kurs- og møteverksemd, gir fagleg rettleiing, deltek i prosjekt og sakshandsaming for staten og utarbeider statistikk og rapportar for den samla bibliotekverksemda.
Fylkesbiblioteket er underlagt lov om folkebibliotek og har eige reglement.
Økonomi og personale
Driftsutgiftene for fylkesbiblioteket var i 2000 på kr. 4.953.000. Av dette gikk kr. 565 536,- til innkjøp av bøker og andre media.
Fylkesbiblioteket har 7,5 årsverk. Personalet består av 1 fylkesbiblioteksjef, 4 distriktsbibliotekarar, 2 sekretærar og 1 fullmektig.
Samlinga til fylkesbiblioteket tel no 108 684 bøker og 5530 andre media. I tillegg har fylkesbiblioteket 2670 bøker fordelt på 105 klassesett.
Utlån
Fylkesbiblioteket mottok 8594 tingingar frå andre bibliotek i 2000. Dette er ein nedgang på 547 tingingar frå året før. Dette kan forklarast med at folkebiblioteka sjølv tingar bøker frå andre bibliotek sine samlingar via Internett og i mindre grad nyttar fylkesbiblioteket som vidareformidlar.
Figur 1
TINGINGAR OG UTLÅN | 1999 | 2000 |
---|---|---|
Bestillingar motteke frå Sfj. | 7476 | 7113 |
Bestillingar frå andre fylke | 1645 | 1467 |
Bestillingar frå utlandet | 20 | 14 |
Bestillingar vidaresendt | 2116 | 1386 |
Fjernlånte/utlånte medier | 7220 | 7319 |
Totalt utlån frå fylkesbiblioteket inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt var 47 012 media.
Figur 2
Møte, kurs og arrangement
Fylkesbiblioteket arrangerte 8 kurs og møte i 2000. Dei årlege Bibliotekdagane vart avvikla i Florø med innlagt besøk på Batalden. Tema for konferansen var innvandrarar og bibliotek.
Fylkesbibliotekete arrangerte blant anna to møte om norsk litteratur: Ny norsk vaksen prosa og ny norsk barnelitteratur. Møta hadde godt oppmøte.
Fylkesbiblioteket arrangerte 2 kulturprogram på bokbåten "Epos" i 2000: "Hanan i Drammen" ved Arne B. Cranner og Geir Otnes , og "Havdrøm" ved Elisabeth Helland Larsen. Besøkstala på kulturprogramma er framleis høgt, i 2000 vitja nær 2000 personar kulturprogramma på båten.
Tilskotsaker
Biblioteklokale
Følgjande kommunar har fått statstilskot til biblioteklokale for 2000:
Eid kommune Kjølsdalen kr. 106 800,-
Luster kommune Skjolden filial kr. 106 800,-
Øyremerka statstilskot til biblioteklokale er avvikla og overført til kommunane sine rammeoverføringar frå og med 2001.
IT
Fylkesbiblioteket lyste ut stipendmidlar for bibliotekpersonale. Midlane vert brukt til heving av IT-kompetansen i folkebiblioteka. Til saman nytta 8 bibliotek dette tilbodet og det vart delt ut kr. 51 300 ,- til dette formålet i 2000.
Prosjekt
Fylkesbiblioteket har vore sterkt involvert i Kulturnett Sogn og Fjordane med ansvar for Biblioteknett.
I 2000 fekk biblioteknett eit nytt spennande delprosjekt ved namnet "Fjognedok": http://sognogfjordane.kulturnett.no/biblioteknett/Fjognedok/index.htm Prosjektet har som hovudmål å byggje opp ein bibliografisk base over lokalhistorisk litteratur for Sogn og Fjordane. Prosjektet går ut på å analysere og indeksere lokalhistorisk tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar m.m. frå fylket. Basen inneheld 3310 postar pr. 1. januar 2001.05.21.
Prosjektet er eit pilotprosjekt i samarbeid med Nasjonalbiblioteket for å sjå på samarbeidsmodellar mellom fylkesbiblioteka i landet og Nasjonalbiblioteket om registrering av lokalhistorisk litteratur. Prosjektet var omtala under "Nytt om NORART" og i EUs tidsskrift om EUs 5. rammeprogram.
Bokbåten
Generelt
Bokbåten hadde, som vanleg, 2 turar i 200, den første i perioden 1. mars til 19. mars, og den andre i perioden 18. oktober til 5. november. Kvar tur varer i 19 dagar. Det var 40 stader som fekk besøk av bokbåten.
Utlån og besøk
Utlånstala på bokbåten har vore stabile frå 1998 til 2000, noko denne tabellen syner.
1998 | 1999 | 2000 | |
Barn | 10 801 | 10 680 | 10 570 |
Vaksne | 9 903 | 9 098 | 9 999 |
Totalt | 20 704 | 20 578 | 20 569 |
Utlånet var fordelt slik på dei ulike kommunane:
UTLÅN FRA BOKBÅTEN 2000 |
|||
Kommune |
Antall stopp |
Lånarar |
Totalt utlån |
Askvoll |
2 |
140 |
2 475 |
Aurland |
3 |
82 |
712 |
Balestrand |
1 |
33 |
867 |
Bremanger |
1 |
13 |
597 |
Flora |
8 |
211 |
3 477 |
Gulen |
5 |
179 |
2 795 |
Høyanger |
2 |
50 |
460 |
Luster |
3 |
78 |
1 576 |
Lærdal |
1 |
10 |
312 |
Selje |
1 |
20 |
578 |
Solund |
8 |
164 |
3 169 |
Stryn |
1 |
29 |
961 |
Vik |
2 |
97 |
1 850 |
Vågsøy |
2 |
42 |
740 |
Totalt |
40 |
1 148 |
20 569 |
Talet på personar som var om bord i "EPOS" i 2000 var 2 135, mot 2 092 i 1999. Gjennomsnittsframmøte var 26,7 personar, mot 25,8 i 1999 .
Underhaldning
Ein viktig del av bokbåtverksemda er underhaldningsprogramma for barn. På vinterturen framførde Arne B. Cranner og Geir Otnæs med programmet" Hanan i Drammen" På haustturen sto klovneførestillinga "Havdrøm" med Elisabeth Helland Larsen på programmet.
Det var totalt 1 611 personar fordelt på 57 stader som nytta seg av dette tilbodet - mot 1 534 fordelt på 56 stadar i 1999. Gjennomsnittsframmøte pr. program var 28,3 personar, mot 27,4 i 1999.
Bokbussen
Generelt
Det er 9 kommunar som fekk besøk av bokbussen i 2000. Gloppen har sagt opp samrabeidsavtalen og går ut frå 2001. Desverre har vi ikkje noko tal som viser kor mange som vitja bussen i 2000.
Utlån
Utlånstala for mobil bibliotekteneste er i tabellen sett saman for buss og båt.
Figur 5
Folkebiblioteka i Sogn og Fjordane
(NB! Under "Utlån" i folkebiblioteka er eit par tal korrigerte for Flora kommune, og dermed også for totalen. Rette tal finn ein i tabellen "Verksemd" i talmaterialet)
Generelt
Drift av folkebiblioteket blir regulert gjennom lov om folkebibliotek. Paragraf 1 fastset målsettinga for folkebibliotektenestene:
§ 1 i Lov om folkebibliotek
"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet".
Det er vidare fastsett at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. I Sogn og Fjordane finst det ialt 76 bibliotekavdelingar, derav 26 hovudbibliotek og 50 filialar.
Økonomi og personale
Kommunane sitt totale driftsrekneskap for biblioteka i fylket viste ingen stor endring i høve til 1999. For 2000 var dei totale driftsutgiftene kr. 28 495 348,-.
I 2000 vart medierekneskapet til saman på ca. 4,5 millionar, eller kr. 41,80 pr. innbyggjar. Sett på landsbasis ligg Sogn og Fjordane godt over landsgjennomsnittet pr. innbyggjar. Dette skuldast sjølvsagt låge innbyggjartal. Mange bibliotek slit med å sikre ei aktuell og allsidig mediasamling. 7 kommunar løyvde under 100.000 til innkjøp av media.
Skilnadene mellom kommunane er store. Vik har det høgaste medierekneskapet pr. innbyggjar med kr. 80,44 pr innbyggjar. Selje ligg på botn med kr. 22,92 pr. innbyggjar.
Figur 6
I biblioteklova står det at alle kommunar skal ha ein fagutdanna biblioteksjef, og så langt er det 15 av totalt 26 biblioteksjefar med fagutdanning i fylket.
Bok- og mediabestand
Totalt er den samla bokbestanden for alle kommunane oppe i 953 270 bøker ved utgangen av 2000. Legg ein til andre media kjem fylket nær millionen: 996 206 media. Det har vore auke i bestanden av både lydbøker, CD og video.
Teknologi
I løpet av 2000 hadde i alt var det i alt 67 terminalar med internett-tilgang til publikum.
Utlån og besøk
I 2000 er utlånet oppe i 5,18 media pr innbyggjar. I perioden 1994-1996 opplevde vi ein stadig auke i utlånstala. I -97 gjekk utlånstala ned. I -98 steig igjen tala, og no syner tala at utlånet har stabilisert seg.
Figur 7
Folkebiblioteka lånte i 2000 ut 558 937 bøker og andre media.. Dette svarer til 5,19 utlån pr. innbyggjar. Det var i høgast utlån pr. innbyggjar i Høyanger (10,06) etterfølgd av Solund, Balestrand, og Gloppen Høyanger. Landsgjennomsnittet i 1998 var på 5,17 media pr. innbyggjar.
I 2000 vart det lånt ut 182 326 barnebøker av totalt 405 335. Det vil seie at barn står for 45 % av bokutlånet.
Figur 8
Besøkstala syner at 493 333 personar besøkte biblioteka i Sogn og Fjordane i 2000, dette er ein svak nedgong, men dette er usikre tal.
Figur 9