Arbeidet med artikkelregistrering i Fjognedok starta som eit prosjekt i 1999, og har sidan blitt ein fast del av fylkesbiblioteket sitt arbeid.

Det er registrert artiklar frå lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar mm. utgitt i perioden frå 1865 og fram til i dag. I tillegg kjem artiklar av lokalhistorisk interesse henta frå diverse tidsskrift og bøker.

Til no er det registrert data om artiklane, men fylkesbiblioteket ynskjer etter kvart å få lagt inn fulltekstversjonar av artiklane.


Søk i Fjognedokbasen.

Sjå kjelder artiklane er henta frå.

 

Tips gjerne bibliotekbrukarane om Fjognedok!