Visjon om fysisk aktivitet for alle
Utgangspunktet for dagsturhyttene er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: fysisk aktivitet for alle.

Kvar kommune i Sogn og Fjordane får ei arkitektteikna dagsturhytte, og plasseringa av hytta i din kommune kan du finne her. Tanken er at dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass å ete matpakka si, få litt varme i seg og lese og bla i bøker frå det nynorske turbiblioteket. Det nynorske turbiblioteket finn du i kvar hytte, og er satt saman av fylkesbiblioteket og folkebiblioteka i kommunane. 


Fylkeskommunen og Sparebankstiftinga har gått saman om å feste visjonen om dagsturhyttene til film, som du kan sjå her:

Så langt har både hytta og turbiblioteket vist seg å vere populære tiltak. Fylkesbiblioteket har fått midlar av Nasjonalbiblioteket for å skape aktivitet og stimulere til bruk av både hyttene og turbiblioteka. Det er ei oppgåve vi så vidt har byrja med og som vi gler oss til å ta fatt att på saman med biblioteka til våren!

 

Les om opningsmarkeringa 8. desember 2017 i Gloppen med lesestund "Kom la oss lage fest i Trivselsskogen" ved lesegledar Marthe Holien Bø, etterfylgt av konsert og hytteboogie med Good Time Charlie

Les saka Dagsturhyttene tek form [Publisert 08. november 2017 på sfj.no]