Regjeringa sin stemmerettskomité har fått i oppdrag å skape eit jubile som engasjerar folk i lokalsamfunn over heile landet. På sida http://stemmerettsjubileet.no finn ein ressursar for arrangørar, mellom anna ein idébank, plakatutstillingar og ymse materiell som fritt kan brukast for dei som ønskjer skape engasjement og oppslutnad om viktige sider ved vårt demokrati, som stemmerett, likestilling, representasjon og deltaking.

Plakatutstilling med 16 biletplakatar samt tilhøyrande informasjonskatalog kan bestillast gratis, fristen er 15. mars. Les meir og bestill utstillinga her.

Les også meir om markeringa i jubileumsbrosjyren.

 

Sogn og Fjordane er til no einaste fylke som ikkje har registrerte arrangement i høve jubileet. Mange bibliotek har heilt sikkert planlagt markeringar, og her kjem ei oppfordring om å registrere arrangementa på http://stemmerettsjubileet.no!